jan 182012
 

Kjølvassfara etter snøggbåten til og frå Bergen, vil etter alt å dømma verta å fina i Austevoll òg etter at dagens ambodskontrakt går ut.

Tilbodet til reisande med snøggbåt frå Sunnhordland/Austevoll til og frå Bergen ser ut til å verta berga av politikarane. På SMS frå samferdselsutvalet sin leiar, Gustav Bahus (Frp), får Marsteinen melding om at medlemmane i utvalet truleg samrøystes kjem til å stemma for å oppretthalda dagns rutetilbod.

Saka skal deretter opp i fylkesutvalet, som er fylkeskommunen sin versjon av ein kommune sitt formannskap.