jan 192012
 

Helsesøstertenesta, fysioterapitenesta og folkehelsekoordinatoren har gått saman om eit prosjekt; å hjelpa overvektige barn og unge gjennom treningstilbodet Frisk og rask.

Overvekta i Noreg aukar og ryktet vil ha det til at me er på god veg mot å bli som amerikanarane. No tek helsesøstertenesta, fysioterapitenesta og folkehelsekoordinator saka i eigne hender og startar opp eit heilt ferskt treningstilbod for overvektige barn og unge i Austevoll med eit mål for auge – Å betra helsetilstanden og livskvaliteten deira.

– Me vil setta ein stopp for retninga me er på veg mot gjennom fokus på trening og kosthald blant overvektige barn og unge. Målet er at dei skal kjenna meistring og glede ved å vera fysisk aktive, seier helsesøster Hege Iren Austevoll.

Frå trøytt gymsal til liv på senteret

­– Fleire elevar vegrar seg for gymtimene og kjem fort inn i ein dårleg sirkel. Kanskje er barna lei av gymsalen, men her kjem dei med blanke ark. Og så er det jo litt kult å få trena på Livsstilsenteret, fortel folkehelsekoordinator Regina Vestrheim, som arbeider som lærar ved sidan av og kjenner til situasjonen. Trenar og fysioterapeut Siren Margrethe Økland er samd. Saman med personleg trenar Jorunn Nordeide Skår vil ho ha ansvaret for å trena barn frå seks til seksten år fire gongar i veka, ei gruppa for dei på 6-13 og ei for dei på 13-16.

I Bergen har initiativtakaren Roger Gjelsvik hatt Stor og sprek-grupper for barn med overvekt heilt sidan 2004, og med gode resultat. Mottoet hans er at ein nyttar same prinsipp under trening av toppidrettsutøvarar og barn med overvekt: Nettopp meistring og glede.

– Det er viktig å fokusera på kva barna kan og har lyst til, framfor kva dei ikkje klarar, fortel Hege.

Grip inn tidlegare

For lite fysisk aktivitet, for mykje tid framfor tv og data og dårlege kostvanar med eit høgt sukkerinntak er hovudårsakene til overvekt hos unge. Det er nok av feller å falla i, og det er lett å komma inn i ein vond sirkel. Det er mor og far som handlar inn matvarar, så at hovudansvaret ligg hos foreldra er dei tre einige i.

Helsesøstera har sett ein utvikling av vekt i åra ho har jobba i helsetenesta og meiner hovudproblemet ligg i at ein ikkje grip inn tidlegare.

– Feitleik er noko som må førebyggast. Og det er viktig å setta inn tiltak tidleg. Foreldra kan ikkje sitta i sofaen å håpa at barna vil verta fysisk aktive. Dei må setta fokus på fysisk aktivitet tidleg og ta dei med på aktivitetar frå dei er små av, konstaterer helsesøstera. Ho tilrår at foreldra grip inn allereie i to- til fire-årsalderen, elles blir vekta ofte hengande ved dei.

– Målet er at barna i Frisk og rask etter kvart i større grad skal kunne ta del i treningstilbodet som er i Austevoll frå før av, at dei kan dra mest mogleg nytte av vanlig trening framover, seier folkehelsekoordinator Regina.

Like viktig som trening er det å ha fokus på sunt kosthald, noko dei påmeldte vil få i form av lett rettleiing.

– Me kjem til å kjøra på med enkle kosthaldsreglar, seier Siren.

Colaflaska er ikkje akseptert.

– Men barna kan gjerne få tilbod om smoothie, frukt og vatn for å få energi før treninga, seier dei friske og raske damene.

 

Gjengen som har starta opp Frisk og rask– prosjektet klør i fingrane etter å koma i gang og håpar på stappfull sal på Livsstilsenteret i februar. Helsesøster Hege Iren Austevoll (øverst), personleg trenar Jorunn Nordeide Skår, fysioterapeut Siren Margrethe Økland og folkehelsekoordinator Regina Vestrheim.