jan 202012
 

Trass i overveldande statistikk vel fleire og fleire å gå ut utan refleks langs dei mørke vegane i Austevoll. Men me er akkurat like mjuke når me skal rett ut og lufta hunden som når det er joggetur.

På smale vegar med regn på ruta og høg fart er det ikkje lett å sjå mykje i mørkret. Austevoll har ikkje vore skånt for alvorlege ulukker der det ikkje vart nytta refleks, og Jostein Bjånesøy ved Austevoll lensmannskontor kan med dårleg mot konstantera at refleksbruken blant vaksne i Austevoll hat gått ned. Barna derimot er flinkare til å gjera seg synlege i trafikken. Austevoll kraftlag har mellom anna dei siste åra sponsa heile fyrste klassetrinnet i Austevoll med refleksutstyr som politiet har delt ut.

 

Andre synshemmarar

Mange bilar har framleis installert grøftelykter sjølv om det ikkje er lov å nytta i mørkret. Utrykninspolitiet gjer førelegg så fort dei observerer slike i bruk etter solnedgang, då dei er særs blendande for motgåande trafikk. På dagtid er desse likevel lov å nytta, så lenge det er saman med parklys og utan ordinære kjørelykter.
– Bilførararne narrar seg til å tru at dei ser bedre med grøftelykter i dårleg vêr, sukkar ein oppgitt Bjånesøy. Rett nok ser du betre fire-fem meter føre bilen, men lengre enn det vert du mest blind. Og dersom lesaren undrar seg på kva styresmaktene definerer som natt, så er det når kunstig vegbelysning sler seg på; då er det av med grøftelys, og på med refleksen.

 

Årets kolleksjon

Refleksvestar har vorte mykje meir utbreidd etter lovpålegg om å ha slike i einkvar bil, men refleksvestar til hundar har ikkje vorte ein trend i Austevoll samanlikna med andre stadar i landet. Marsteinen har vore på jakt etter refleksar i Austevoll og testa Hordaland fylkeskommune sine variantar for året. Av dei avisa har vore i kontakt med tilbyr fylgande refleksar: Austevoll politikammer, Joker Stolmen, Joker Bakkasund og Intersport Bekkjarvik. Sparebanken Vest sponsar lag, bedrifter og arrangement med refleksvestar i tillegg til lommevarianten, skjønt der lyt ein gjerna vere førebudd på ei uforpliktande samtale om refinansiering før refleksen er i hende.

2012-kolleksjonen ved Austevoll lensmannskontor