jan 202012
 

I to-tida fredag stod ein brøytebil fast i grøfta ved innkjørsla til Huftamar ferjekai. Stillinga på bilen gjorde til at eine kjørefeltet vart heilt avsperra, og ferjetrafikken vart tvungen over i motgåande kjørefelt. Trass i jordsmonn utan leire og mykje fjell i Austevoll har nedbørsmengda i haust og vinter gjort sitt.
– Me har ikkje sett skadar på gardsbruka endå, og det er ikkje flaumfare, men entrepenørane lyt nok utsetja ein del arbeid i påvente av frost. Ellers risikerar dei at maskinene kjører seg fast i bløyta, seier teknisk sjef ved Austevoll vatn og avløp, Odd Brekke. Dei har sjølve opplevd å få maskinene sitjande fast i sitt arbeide i vinter.

Brøytebilen vart sittande fast i den vassdrukne marka.