jan 222012
 

Sea king redningshelikopter i aksjon i Møkstrafjorden. Foto: Mona Mørk.

Ein 29-åring var funnen livlaus i sjøen utanfør Møkster sundag. Onsdag kl 13 vart mannens helsetilstand oppdatert frå kritisk til alvorleg skadd av Haukeland universitetssjukehus. Mannen skal ha falt i sjøen frå ein 22-fots stor plastbåt, i fylgje ba.no. Tilstanden hans var lenge uavklart, og leitemannskap leitte etter fleire menneske i sjøen kring funnstaden. Sundag vart statusen til 29-åringen rapportert til kritisk skadd.

Det vart søkt etter ein annan person som politiet frykta var om bord i båten saman med 29-åringen, men vedkommande kom til rette.