jan 262012
 

Ved Båtabakkjen i Bekkjarvik, midt i mellom slyngplanter og overgrodde buskvekstar finn du eit lite raudt hus med knuste glas. Ingen veit heilt når den vetle smia vart oppført. Ho har betydd meir for Bekkjarvik enn folk flest anar.

Det fyrste som møter Marsteinen når døra går opp i gamlesmia er synet av den gamle smiegrua. Av den kollosale varianten fyller ho ein tredjepart av heile smia, og trass innetemperatur på frysepunktet får berre tanken om eld i grua løyst sveitten. Huset har, etter flyttinga av verksemda på slutten av syttitalet, vorte eit lager. Veggane er fylde opp med verkty og gjenstandar ein kan undrast om i det heile har eit namn. Ivar Haldorsen på si side ser tre generasjonar med smedverksemd i veggane på familiesmia, som òg var utspringet til Haldorsen- famlilien i Bekkjarvik. Sjølv har han drive som smed i den nye smia lengre nede mot sjøen i meir moderniserte forhold, men far hans var lenge i gamlesmia før dei flytta.

– Det stod ein fæla dieselmotor her og brumma, minnast Ivar. Han var, gjennom eit samansurium med belter og tannhjul, drivverk for heile smia og alt verkty som ikkje gjekk på olbogefett. Belgen låg bak grua og heldt glørne gåande i vanvittige temperaturar. Sist Ivar såg belgen var den generasjonsbolig for smågnagarar, men han mistenkjer den er å finne ein stad i Bekkjarvik enno.

Noko gamalt, noko nytt

Før gamlesmia vart avfolka rakk ho å få innlagd straum. Ut med dieselmotor og inn med elektro-drivverk. Men tannhjul og belter vart verande, då det var i høgste grad eit effektivt system. Fres, bor og sag vart alle drivne av same motoren, styrt av eit sinnsrikt pensesystem som flytta drivreimene til det apparatet som skulle nyttast. Elektromotoren går den dag i dag, og eit par nye belte, samt ein tannkost med litt fett på, så skal det lett verta fres i… Vel, fresen. Der me andre går som barn og vil verta vaksne for å freista oss i foreldra sine fotspor, ser Haldorsen fram mot pensjonisttilværet då han kan få bryna seg i gamlesmia lik som far sin, far hans, og far før der. Men det vert nok meir for sporten sin del enn for å drifta smieverksemd. Bustad-enden av smia vart i smedslekta berre nytta av Haldor Iversen, olderfar til Ivar, som òg satte opp smia i si tid. Etter at han flytta til større kår med familien, gjekk bustaden til utleige, og var utleigd fram til nyare tid. Ein lekkasje i taket satte ein stoppar for noko buverksemd etter dagens standard, men det er ikkje vanskeleg å sjå at det har vore eit lite, kosleg og godt utnytta hus med låge fyringskostanadar i hundre år.

Avgjerande for Bekkjarvik

Smia har vore heilt avgjerande for at Bekkjarvik kunne veksa til gjestehamna me kjenner i dag. Smeden stod eine og aleine for all produksjon av metallvirke. Saum, spikar, verkty, landbruksutstyr, hestesko, nøklar, hengsler og ikkje minst alle beslag til båtane og segla deira er berre eit utval av det smia måtte produsera.

– Det var heilt avgjerande for absolutt all verksemd at smeden kunne banka ut reiskap, utgreiar ein lidenskaplig Atle Ove Martiniussen ved Norsk smedforening. Sidan virket hans var så livsviktig for lokalsamfunnet fekk smeden ofte ei nærast heilag og magisk rolle. Han kunne få tildelt verv som meklar i ulike disputtar; han hadde ofte lik og høgare status enn ordføraren. Og når tannpina var som verst, kven trur du sat på beste tonga?