jan 282012
 

 

Ingelinn Hausberg stod for scenetekke de luxe, og bandet ho har saman med Kenneth hausberg og Jakob Hauge gjekk fortent vidare til fylkesmønstringa.

Dagens austevollske utgåve av Ungdommens kulturmønstring viser at det verkeleg gror i dei musikalske rekkjene på øyane. Frå Vincents B. Veivågs viritose og rocka elgitarspel, via Hans Arvid og Renate Naustheller si tolking av Billy Joel til Ingelinn og Kenneth Hausbergs og Jakob Hauge si proffe framføring av Rolling in the Deep, der vokalist Ingelinn i grunnen stal heile showet med utsøkt, sjarmerande og tilstadeværande tolking.

Alle deltakarane, juryen og kulturskulerekotor Audun Alvsåker og musikkrådet Nils Ove Sørvik.

UKMs eventuelle sjarmpris må gå til purunge Sigvart Gloppen på 10 år, som framførte sin eigen song om lengt til sol og sommar. Men, når me har ei slik lita soltråle blant oss, kan våren godt venta nokre veker til.

Alle som gjekk vidare, bilete og kort reportasje kan du løesa på trykk i avisa på torsdag.