jan 312012
 

Nye "Harvest" blir ferdig i august 2013. Prospekt: Wärtilä Ship Design.

Reiarlaget Hardhaus AS kontraherer ny fiskebåt. Han skal erstatta dagens «Harvest», og skal byggjast ved Fitjar mekaniske verksted AS. Marsteinen vitja reiarlagskontora ved Bekkjarviksundet då verft og reiarlag skreiv under kontrakten.

– Det er ein stor dag for Fitjar mekaniske, sa administrerande direktør Hugo Strand ved verftet. Det er Wärtilä ship design, gamle Vik-Sandvik AS, som har teikna det nye fartøyet til Hardhaus-reiarlaget. Kontrakten er verd i overkant av 200 millionar kroner, og nybåten skal etter planen vera ferdig i august 2013.

Styreformann Heine Møgster, reiar Inge Møgster, Fitjar mekaniske verkstad ved adm. dir. Hugo Strand og Wärtsilä Ship Designs Trygve Eiken under i kontraktskriving tidlegare i dag.

Båten får ei lengde på 67 meter, breiide på 14,8 meter, RVS-kapasitet på 1 800 kubikkmeter og blir optimalisert for pumping på hekken, noko som gjer trålfiske enklare.

– Sidan me òg fiskar tobis med trål, er driftsprofilen noko annan enn dei fleste anre austevollbåtar. Då kjem dette spesielt godt med, sa reiar Inge Møgster til Marsteinen medan bleket på kontraktane enno ikkje var tørka.

Meir om nye Harvest kan du lesa i Marsteinen på papir eller PDF på torsdag.