feb 022012
 

Etter endt fire-nasjonarsturnering i Japan kjem Ole Bjarte Austevoll i desse dagar heim til vestlandet i påvente av VM-uttaket. Trass dårlege vinterforhold på vestlandet har han tru på 2012-sesongen.
Siste kampen i Japan gjekk mot Canada og endte 5-1 til fransk-engelsk-tysk-amerikanarane. Canada er ein gigantnasjon i hockeysporten, men i følge Ole Bjarte er ikkje skilnaden mellom landa og laga stor når ein konkurrerer i verdsklasse.
– Turneringane er veldig jamne når ein er komne ned til siste fem laga, og det er ingen openbare underdogs. Rett nok var ikkje USA med på denne turneringa, og det er dei som er regjerande verdsmester. Til gjengjeld har Sør-Korea kome på bana og synt seg verdig å konkurrere med vinterlanda.

Proff eller profesjonell

Ole Bjarte sykla tidlegare i år Bergen/Voss under påskot av at han – må jo gjera noka resten av året òg, men ser ikkje noko konkret plan føre seg på denne fronten. Han har jo fleire kompanjongar med på rittet i år, og kan deltaka som observatør framfor ryttar slik han ser det i dag. Men ingenting er utelukka. Likeframt er det hockeyen som får prioritering, og med eit sentralt ynskje om fleire profesjonelle heiltidsspelarar kan ein ikkje sysla med alt mogleg anna.
– Det er fleire spelarar som kunne tenkje seg å ha det som ein jobb, men det er ikkje noko eg vurderar. Eg treng å ha eit arbeid utanom sporten. Kanskje det er gunstigast for austlendingane? reflekterar austevollsproffen. Det er altså slik at med vinterforholda og idrettsanlegga på austlandet, så kan utøvarane trena heile vinteren på heimebane, der vestlendingane lyt flytta på seg. Der AIK-fotballen lyt reisa heilt til Tyrkia på treningsleir, slepp kjelkehockeyklubben i Bergen unna med reisa til Hamar og liknande skeise-landsbyar austover.

 

VM i Noreg

Mot slutten av mars er det 12-dagars kjelkehockey-VM, denne gongen på Hamar og norsk is. Uttaket er nokre veker før, og for Ole Bjarte er det mest trening og avventing til dess. Me andre får lada oss opp med 5-4 sigeren over USA og andre video-godbitar frå nettarkivet til det norske kjelkelandslaget.

Ole Bjarte og landslaget gjer det godt om dagen. Foto: Kent Nyholt, Kjelkehockeylandslaget