feb 032012
 

Utforkjøringa ved Åkyllaren som resulterte i dødsfallet til ein 18-åring, skjedde på ein stad der støypekanten berre var 35 centimeter høg. Det er nesten ein halv meter frå dagens krav.

Støypekanten ved Åkyllaren der bilen kjørte ut i gårkveld, er bortimot 50 centimeter fra krava dersom vegen hadde blitt bygd i dag.

Krava til nye vegar er at eventuelle støypekantar skal vera minimum 75 centimeter høge, og at dei må ha ein viss profil. Støypekanten ved Åkyllaren, der ein bil kjørte ut i går er berre 35 centimeter høg, og av gamaldags type.

– Låge, gamaldagse støypekantar er eit kjent problem både i Hordaland og elles på Vestlandet, seier senioringeniør Tor Høyland i Statens vegvesen. Han konstaterer at det ikkje er gjennomført noko trafikktryggleiksinspeksjon på denne strekninga, men at ulukkesstaden vil verta inspisert i løpet av kort tid grunna det tragiske utfallet av hendinga.

– Me har likevel hatt fokus på å sikra såkalla sideterreng dei seinare åra, men me har ikkje ressursar til å gjennomføra analysar av alle ulukkene som skjer når det er personskade involvert, seier Høyland med adresse til trafikkulukka som skjedde ved meir eller mindre same stad for eit år eller to attende, men då med lettare skadar som resultat.

Noregs automobilforbund, NAF, meiner at trafikksikringsarbeid må prioriterast høgare.

– Vegen må innrettast slik at førarfeil eller andre uhell, utan at det skal få noko slikt utfall, seier kommunikasjonssjef Inger Elisabeth Sagedal i NAF.

Den aktuelle vegstrekninga har fartsgrense på 80 kilometer i timen, og i fylgje Høyland har han 1 600 passerande kjøretøy i døgeret.

Austevoll lensmannskontor etterforskar trafikkulukka, og har saman med utsending frå Statens vegvesen for på staden i dag. Avhøyr av den overlevande frå ulukka er i ferd med å bli gjort på fastlandet.

– Me er slett ikkje sikra på at drukning eller hypotermi er årsaka til at 18-åringen døydde, seier politibetjent Kjartan Fonnes til Marsteinen. 18-åringen vil bli obdusert.

 

Av Trond Hagenes