feb 062012
 

Austevoll lensmannskotor meiner etter avhøyr og analyse av krasjstaden etter ulukke torsdag, der ein ung mann døydde etter skadane han pådrog seg, at det er særs truleg at tilhengjaren som vart trekt etter bilen var årsaka til ulukka.

– Hovudteorien så langt er at tilhengjaren som vart trekt bak bilen kom ut av kontroll. Føraren har i avhøyr sagt at han trur at lasta, ein særs omfangsrik sandsekk, kan ha flytta på seg, og at hengjaren derigjennom byrja leva sitt eige liv, seier politifyrstebetjent Jostein Bjånesøy til Marsteinen. Politimannen meiner at det burde vore eit retteleg autovern på krasjstaden, og etterlyser skikkeleg vern langs alle vegar der det er fare for å enda i sjøen.

– Får du sleng på bilen, må det vera eit autovern som syt for at du ikkje endar opp i sjøen, seier Bjånesøy.

Austevoll lensmannskotor meiner at det ikkje var glatt på ulukkesstaden då bilen kjøre av vegen.