feb 092012
 

Mange av sjukepleiarane i heimesjukepleia trur at konkurranseutsettinga kan få uføresette og sterkt negative konsekvensar for brukarane sine.

 

– Som sjukepleiarar synest me ikkje at uroa vår og dei faglege spørsmåla våre blir svarte på i prossessen. Me som verkeleg veit kva behova er i felten blir halde utanfor, seier sjukepleiarane Mariann Birkeland, Astrid Børnes og Kjersti Blix, som alle arbeider i heimetenestene. Dei fryktar at politikarane held fram kursen mot konkurranseutsetting, utan at dei tek innover seg konsekvensane.

– Ikkje ein einaste av dei som sit og arbeider med saka i administrasjonen har helsefagleg bakgrunn, utdjupar Birkeland.

Rådmann Rolf Nøstdal svarar at organisasjonen hans så langt har hatt fullt trykk på å sjå om dei kan klara å spara fire millionar kroner på drift av pleie- og omsorgstenestene i 2013, og at dei ikkje har hatt kapasitet til å koma lengre i prosessen.

– Når konkurransegrunnlaget skal utarbeidast vil me henta inn denne type innspel, slår rådmannen fast.

 

Fleksibilitet gjev utfordringar

Trioen konkretiserer skepsisen sin til konkurranseutsetting med at fleksibiliteten og fagkompetansen som trengst i ein travel kvardag kan utebli.

– Me får stadig fleire krevjande pasientar, og det er mykje direkte medisinering og utstyr det trengst sjukepleiarar for å utføra. Ved konkurranseutsetting fryktar me for denne kvaliteten, seier Birkeland til Marsteinen. Heimesjukepleien har i dag opp mot 200 brukarar, og det vert kvar veke distribuert mellom 10 000 og 11 000 piller rundt til mottakarane.

Med samhandlingsreforma kjem fleire pasientar sjukare heim, og nærast på strak arm må heimetenestene gje medisinsk tilbod til desse brukarane. Det er òg ofte store skilnadar på etterspurnaden på heimesjukepleia, og når dei har brukarar på dei ikkje-landfaste øyane aukar til dømes ressursbruken.

– Det er garantert enklare å leggja fram konkurransegrunnlag på eit pleie- og omsorgssenter enn på heimesjukepleia, der trongen er så skiftande, seier trioen.

Børnes meiner òg at det er uråd frå ein fagleg ståstad å redusera tidsbruken hos den einskilde brukaren.

– Ein kan ikkje seia at det berre skal brukast ti minutt hos ein døyande, kreftsjuk pasient. I slike tilfelle må me bruka den tida me treng før det er oppnådd nok tryggleik for den dagen, understrekar ho.

Rolf Nøstdal konstaterer at kommunen vil få store utfordringar med å utforma eit konkurransegrunnlag for heimetenestene som tek høgde for alle behova.

– Me skal sjølvsagt gjera så godt me kan får å få eit skikkeleg anbodsgrunnlag, men ser me at me ikkje klarar dette innan fristen i juni, som er det eg kjem med forslag om, vil eg sjølvsagt gje melding om det, seier rådmannen.

 

Framleis for dyr drift

Nøstdal konstaterer at det så langt ikkje ser ut til at pleie- og omsorgstenestene kan drivast så lågt at det kan hindra konkurranseutsetting.

– Klarar me ikkje å kutta fire millionar på drifta i 2013 går det mot konkurranseutsetting. Eg konstaterer òg at politikarane ikkje har spurt meg om kva eg meiner om konkurranseutsetting, seier Nøstdal.

I dag vert saka om konkurranseutsetting diskutert i kommunestyret. Frå sakspapira går det fram at ein har rasjonaliseringsvinstar i organisasjonen på om lag 2,5 millionar kroner per år, men at pensjonsutgiftene i Austevoll kommune har kontra ein privat utbydar vil få, utgjer opptil fire – fem millionar årleg i meirkostnadar.

 

Av Trond Hagenes

Sjukepleiarane i heimetenestene held kontrollen på mellom 10 000 - 11 000 piller kvar veke. Avvik kan ikkje førekoma. Mariann Birkeland, Kjersti Blix og Astrid Børnes er sterkt uroa over at politikarane ikkje ser farane ved å konkurranseutsetta tenestene.

  3 Responses to “FULLVERSJON: Heimesjukepleia fryktar konsekvensar av konkurranseutsetting”

  1. Om det stemmer at heimetenestene deler ut 10 000 piller fordelt på 200 brukarar i løpet av ei veke, må det vere noko alvorleg gale med Helsetenesta her i kommunen! Kan verkeleg legane i kommunen forsvare ein slik bruk?? I mine øyrer høyrest det heilt horribelt ut.

    • Det gjev jo eit snitt på i overkant av sju piller per person dagleg. Trur ikkje det er uforsvarleg mykje. Trass alt får dei medisinsk hjelp heime…

  2. Austevoll kommune med andre vert stempla som ein «pille-kommune» hjå helseforetaka. 7 piller kvar dag, kvar veke, gjev ein somatisk og psykisk belastning som eg vonar at helsesjefen i kommunen har samvite til å ta på si kappe. Som mangeårig tilsett ved eit av Noregs største sjukehus, er eg ikkje overtydd.