feb 092012
 

I dagens kommunestyremøte gjekk Framstegspartiet og Senterpartiet i tospann inn for at det skal arbeidast vidare mot konkurranseutsetting, i tråd med rådmannen sitt forslag. Likebel vart det av ordførar Helge André Njåstad understreka og vedteke protokollmerknad om at arbeidet med konkurransegrunnlaget måtte takast all den tida som trengst for å få ivareta kvaliteten på dokumentet. Samstundes vart det slått fast at dersom ein til sjuande og sist enda opp med tilbod som ikkje er gode nok, må det liggja klausular i grunnlaget som kan gjera det mogleg å forkasta tilboda frå private tilbodarar.

Høgre og Kristleg folkeparti åtvara på det sterkaste mot framdrifta, og understreka at dei trur at det manglar avgjerande kompetanse på konkurranseutsetting og forhandlingar i kommuneorganisasjonen. Dei peika vidare på at heimetenestene er spesielt krevjande å laga godt nok grunnlag. Likevel er begge partia for konkurranseutsetting på lengre sikt, vart det klart då Kurt Frank la fram Høgre og KrF sitt samla syn på saka.

Berre Arbeidarpartiet kom med forslag om å avblåsa prosessen med konkurranseutsetting.

De facto betyr framdriftsplanen til rådmannen at det truleg vert lagt fram konkurransegrunnlag til kommunestyret i juni, og med overdraging av drifta seinast 1. januar 2013.

Av Trond Hagenes