feb 092012
 

Nils Tore Melingen mottek kommunens gründerpris av ordførar Helge André Njåstad. I bakgrunnen Anita Melingen og Henrik Melingen.

Austevoll kommune sin gründerpris gjekk til Bio Feeder AS i dagens kommunestyremøte, fôrbåtselskapet som har flytta administrasjonen og managementet sitt heim til Hundvåkøy. Prisen vart motteken av dagleg leiar Nils Tore Melingen, assistert av Anita og Henrik Melingen, som kvitterte med ein flott presentasjon av verksemda si og båtane deira.

Du kan lesa meir om selskapet i dagens Marsteinen.