feb 172012
 

Reiarlaget Østerbris AS sel «Austerfjord» med delar av kvotane. Dermed gjer Olav H Østervold alvor om ambisjonen sin om nybygg, der Wärtsilä leverer designen. Verft er enno ikkje bestemt.

 

Østerbris teiknar snart kontrakt for nybygg. Designen er allereie bestemt. Prospekt: Wärtsilä Ship Design Norway.

Samstundes som ein ringnótbåt vert seld med 107 basistonn til Majala-reiarlaget i Finnmark, er Østerbris-reiarlaget i innspurten med å tinga nybygg. Skipskonsulent er Wärtsilä, og verft kan fort bli eit i Tyrkia, sjølv om verken Noreg eller Danmark er utelukka.

– I løpet av eit par månadar vil me ha bestemt oss for kva verft me ynskjer å byggja båten hos, seier Olav H. Østervold til Marsteinen. I Noreg vil pris liggja på minst 205 millionar kroner, medan tyrkarane er vesentleg billegare. Reiaren og sonen Olav O. Østervold let ekstremt godt over kvaliteten på 12-årgamle «Østerbris», teikna av same selskap og bygd ved Karmsund Maritime Service.

– Vel me norsk er me heilt sikre at me får kvalitet. Tyrkiske verft ligg vesentleg billegare, men går me får ei slik løysing, krev det tett oppfylging av skipsingeniørar på ulike fagfelt. Dette er kvalifikasjonar me då treng å leiga inn, konstaterer Olav H. Østervold. Likevel kan det vera mellom 20 og 30 millionar kroner å spara på å byggja båt ved Bosporos, der verfta verkeleg ligg som perler på ei snor.

 

Prospekt frå Wärtsilä frå ein annan vinkel.

Nesten lik «Harvest»

Etter salet av «Austerfjord» sit Østerbris igjen med om lag 1.100 basistonn som dei kan fiska på, så snart dei har ein aktiv nybyggingskontrakt klar, grunna nytt regelverk. I realiteten kan den båten dei no sit att med fiska for to fartøy inntil nybygget står klart.

Det nye skipet til Østerbris vert nokolunde likt design som nye «Harvest», men noko større. Dei fleste løysningane vert liknande som for den nye Hardhaus-båten, der det vart inngått avtale for berre nokre veker sidan, men Østervold avslører at dei kanskje kjem til å velja ein noko kraftigare motor.

Jørn Oddvar Majala i Silfaks fiskebåtrederi som kjøper «Austerfjord», vil ikkje kommentera verdien på kjøpet av det som i si tid var Austevoll havfiske sin «Møgsterfjord».

 

Av Trond Hagenes