feb 202012
 

Austevoll IK gjekk på eit nytt stortap mot Vard Haugesund i treningskampen laurdag ettermiddag, denne gongen stoppa haugesundarane på 6-0.

Øystein Storebø fekk meir enn nok å gjera mot Vard og Christian Holko og seinare innbyttar Jarle Wee. Foto: Kjetil Rydland.

Det Austevoll IK som kom best i gang i kampen. Dei pressa Vard Haugesund høgt oppe på banen, og lukkast bra med det. Dei hadde god kontroll på motstandarane sine det første kvarteret. Dei hadde det meste av banespelet, og det som kunne minna om sjansar.

Men kampen snudde då Vard Haugesund scora i det 17. minuttet ved Christian Holko, som lobba over keeper. Ein fin prestasjon, men han kom altfor lett til. Også det andre målet til Vard, fem minutt seinare, såg altfor enkelt ut. Lagkapteinen til Vard Haugesund, Jørn Hansen Lilleng kom åleine igjennom, og la ballen til ein umarkert Anthony Avalos, som kunne setja ballen i det opne målet.

I byrjinga av andre omgang kom 40-åringen Jarle Wee på banen for Vard Haugesund, og han brukte ikkje lange tida på å avgjera kampen. Tre flotte mål på eit kvarter avgjorde så definitivt kampen for heimelaget. Fine mål etter kjapt pasningsspel, der AIK-spelarane ikkje klarte å henga med. Sterkt delaktige i forarbeidet til scoringane var dei to stordabuane Erlend og Simen Grov. Ein annan ”nabo” som og setter sitt preg på kampen, var bømlingen Torbjørn Kallevåg, som fekk gleda av å scora det siste målet for Vard.

På AIK sitt lag var det ingen enkeltspelarar som utmerkte seg denne gongen. Alle kjempa godt mot overmakta, men blei etter kvart springande mykje imellom, medan heimelaget heldt oppe trykket heile kampen.

0-6 er eit stygt resultat, men hjelpetrenar Oddmund Skår var likevel ikkje direkte misfornøgd med dagens kamp. Han minte om dette var sesongens første treningskamp for AIK. I helja mangla fleire etablerte spelarar, og folk fekk prøvd seg i nye posisjonar. No vel han å fokusera på den lærdommen dei fekk med seg i dag, og lovar at AIK vil koma sterkare att ved neste høve.

Av Kjetil Rydland

 

Matchfacts:

Vard-Austevoll 6-0 (2-0)
17. min. 1-0 Christian Holko
22. min. 2-0 Anthony Avalos
61. min. 3-0 Jarle Wee
63. min. 4-0 Jarle Wee
66. min. 5-0 Jarle Wee
78. min. 6-0 Torbjørn Kallevåg
Gult kort: Christian Holko, Vard og Tord H. Skår, Austevoll IK
Dommar: Ørjan Vikene, Djerv 1919

Vard Haugesund sitt lag:
Helge Sandvik, Rune Løvland (Håvard Høiland frå 60.), Erlend Drivenes (Torbjørn Oddenes frå 75.), Adnan Causevic, Alexander Stølås, Jørn H. Lilleng, Erlend Grov, Henrik Ørpetveit (Torbjørn Kallevåg frå 55.), Simen Grov, Anthony Avalos (Stian Bakke frå 75.), Christian Holko (Jarle Wee frå 50.)

Austevoll IK sitt lag:
John André Njåstad (Simen Gjøvåg frå 46.), Henrik Melingen (Christer Bjånesøy), Øystein Storebø, Aleksander Dale, Edvard Hevrøy, Emil Økland (Ørjan Haugland frå 46.), Joakim Bjånesøy, Inge André Rabben (kaptein), Adrian Hovland, Frode Storebø, Thomas Haugland (Tord Harald Skår).