feb 232012
 

Rotne inngangar, brannfarlege omnar og vegger det veks greiner ut frå. Det er på høg tid med oppussing av kyrkjene i kommunen. No er dei 3,3 millionane til vedlikehald som staten har løyvd gjennom kommunen på plass.

 

Det klør i fingrane til Jan Tørres Nordstrand etter å setja i gang med oppussinga av kyrkjebygga i Austevoll.

Kyrkjene i Austevoll kommune treng utan tvil oppussing. Etter ei synfaring der mellom andre Austevoll trelast stadfesta tilstanden til dei forskjellige kyrkjebygga, har staten no gitt pengar via kommunen til å få kyrkjene tilbake til god stand. For ei knapp veke sidan fekk kyrkjeverje Jan Tørres Nordstrand grønt lys på den økonomiske fronten.

 

Greiner ut av veggen

– Store Kalsøy kyrkje er kyrkja som er i dårlegast stand. Her er det mykje å gjera. Mange elektriske leidningar må skiftast. For ei tid tilbake måtte me riva den eine veggen som var en viktig del av arkitekturen i kyrkja, for den var så roten at det vaks greiner ut av treverket, fortel kyrkjeverje Nordstrand. Han kan konstatera at det ikkje er fullt like ille i dei andre kyrkjene, men framleis er det ein del ting som må gjerast. Ein god del elektriske pålegg som har hopa seg opp, må ikkje minst takast.

 

Brannfarlege omnar

Røyromnane er blant det som uroar kyrkjeverja mest, og som har skapt han mest hovudbry siste tida.

– Det tek ikkje lang tid før det luktar svidd når nokon tek føtene eller andre ting bort i. For barn som kryp rundt er dei direkte farleg, stadfester Nordstrand som fortel at dei vil få bygd eit gitter rundt omnane for å hindra tildekking og kontakt.

Nokre kyrkjer manglar ikkje minst inngang til funksjonshemma. Andre, som til dømes Storebø kyrkje, har ein inngang med gelender som er pilroten.

– No klør eg i fingrane etter å koma i gang med desse prosjekta, fortel Nordstrand.

Av Maria G. Fehr Johansen