mar 012012
 

Ei lita handfull ord som skal reflektera alt austevollingane står for, er høgt på ynskjelista til ordførar Helge André Njåstad. Trongen melder seg i arbeidet med ny tekstdel til kommuneplanen.

 

Helge André Njåstad er på jakt etter slagord til Austevoll.

– Eit godt slagord har stor profileringsverdi og skal presentera kommunen, seier ordførar Helge André Njåstad. Han viser til Bømlo som nyttar sitt valspråk Driftige folk i vakker natur for alt det er verdt. Ordføraren meiner at eit slagord slett ikkje er uvesentleg, og at det bør bæra i seg verdiar og eigenskapane til øyfolket og arkipelet dei brur på. Serviceinnstilling, dette å snu seg rundt og få ting til, å våga ta sjansar og stola på magekjensla kan inngå i mottoet til kommunen.

Det er i samband med samfunnsalen av kommuneplanen at Njåstad snakkar på inn- og utpust om austevollske verdiar og lynne som må komma krystallklårt fram i både tekst- og plandel i den nye kommuneplanen.

– Dette er planreiskapen til alle austevollingar, ikkje berre kommunen. I dette dokumentet trekkjer me opp linene for utvikling dei neste tolv åra, seier Njåstad glødande og legg til grunn ein markant auke i innbyggjarar dei neste 30 åra. Baserer ein kalkylane på dei mest optimistiske tala frå Statistisk sentralbyrå, SSB, kan kommunen ha 7 000 innbyggjarar i 2040. Det vil gje store utfordringar som ein allereie no må rusta seg til.

 

Folk skal verta høyrde

– Grasrota si stemme skal absolutt bli høyrt i denne prosessen, og me inviterer til folkemøte om kommuneplanen.

I skulesektoren blir det diskutert ein stor barneskule i nordre delen av Austevoll. Njåstad trur at det vert naudsynt å skalera opp skulane til å kunna handtera opptil 1 000 elevar. Han viser til at SSB-tala legg an til at auka i elevtal allereie kan koma om tolv år, og at Austevoll må byggja og planleggja allereie for dette. Auken i elevtal er tilsvarande om lag to skular på storleik med Storebø barneskule.

– I eldreomsorga ligg det an til ei dobling av eldre fram mot 2040, til nærare 500. Dette må me og få trekkja dei store linene til, seier Njåstad. Han spør dette skal løysast gjennom institusjonsplassar eller omsorgsbustadar i tilknyting til handlesenter. Jamvel kan ein stolla krav til utforming av bustadar slik at desse kan fungera godt òg i alderdomen.

– Allereie innanfor den komande tolvårsperioden trur eg at det vert naudsynt å etablera eit lokalmedisinsk senter, der me sjølve kan gje tenester som til dømes røntgen, lysbehandling til hudsjukdomar.

Av Trond Hagenes

  4 Responses to “Kommunen jaktar slagord”

  1. PERLE I VEKST .

  2. Fiskeri og tenning,
    Våg, vik og poll,
    Liv i fred og spenning,
    Austevoll.

  3. Austevoll – Visjon og verdiar

  4. Best i vest