mar 012012
 

Det vert byggestart på fiskerihamna Rabben-Salthella allereie i 2013, konstaterer kystdirektør Kirsti Slotsvik.

 

Tidleg prospekt av fiskerihamna Salthella-Rabben, som det etter alt å dømma vert oppstart av allereie neste år.

– Fiskerihamna i Austevoll vert forsert, og det vert oppstart av prosjektet allereie neste år, stadfestar kystdirektør Kirsti Slotsvik overfor Marsteinen.

Det er ei stor lette, ettersom prosjektet ikkje vart namngitt i Nasjonal transportplan, NTP, i går, og lokalpolitikarane ei stund trudde at kystverket hadde teke bort austevollprosjektet fordi det vart for kostnadskrevjande. Meldinga om oppstart før NTP-oppstart vart ein gigantisk opptur for varaordførar Edvard Johannes Stangeland (Sp)

– Eg har vore enormt skuffa i heile dag, og det er heilt fantastisk at me no får meldinga frå Kystverket om at bygginga kjem i gang allereie i 2013, seier ein sprudlande glad og letta varaordførar på telefonen.

– No når eg høyrer at det ordnar seg, er det som ein stein har vorte løfta bort frå hjarta, konstaterer Stangeland. Allereie neste måndag skal kommuneleiinga til regionskontoret i Kystverket og diskutera reguleringsplansarbeid for prosjektet.

Utover kystdirektøren si uttale om oppstart, har det ikkje lukkast Marsteinen å koma i kontakt med Kystverket på regionalt nivå om meir detaljert oppstart av prosjektet.