mar 082012
 

Esther Birkeland er komen heim frå det store Amerika, med seg i bagasjen har ho ein god porsjon med jazzballadar ho gjerne vil dela, til stor glede for jazz- og pizzasvoltne austevollingar i Drengestova laurdag kveld.

Esther Birkeland imponerte med sin klokkeklare sopranstemme og sine tolkingar av eit knippe jazzballadar i Drengestova i helga. Saman med Nils Ove Sørvik på trommer og Ruben Weløy på el-gitar skapte ho god stemning i det litle lokalet.