mar 082012
 

Kommunen har unngått tidkrevjande konsekvensutgreiing etter møte med fylkesmannen i går, og har òg peikt ut sine representantar ei arbeidsgruppe for den vidare framdrifta i det store fiskerihamnarbeidet. 


Ordførar Helge André Njåstad forklarar:

– Me har kome til eit godt kompromiss med fylkesmannen. Dei punkta fylkesmannen var uroa over, vert teke med i det vidare planarbeidet, men utan at det vert stilt krav om eigen konsekvensutgreiing som ville teke mykje meir tid, seier Njåstad til lokalavisa. Han medgjev at det no hastar for å sikra seg oppstart allereie i 2013, og i kommunestyret oppmoda han alle dei andre partia å spela prosjektet inn for å garantera tilskot over statsbudsjettet for neste år, og at det vert nemnt i Nasjonal transportplan sitt handlingsprogram, dersom det ikkje klaffar med snarleg anleggsstart.

Negativ samfunnsøkonomi

Ordførar Njåstad viste til ei analyse av samfunnsøkonomien i prosjektet, som konkluderer med st staten Noreg faktisk tapar pengar på investeringa i fiskerihamn, sjølv om ein lokalt vil  kunna hausta store effektar av fiskerihamna. Ho er kostnadsrekna til 134 millionar kroner, inkludert meirverdiavgift, og legg opp til moloar frå Salthella, via Vadholmane, holmen bortanfor og heilt til Bleikjo. I tillegg til det omfattande moloarbeidet, som krev eige steinbrot for å få nok stein til arbeidet, krevst det utdjuping av ei rekkje grunner kring i hamnebassenget for å gjera det turvande for moderne ringnótbåtar.

– Austevoll treng denne hamna for at fiskeria skal utvikla seg vidare, konkluderer Njåstad. Han understrekar òg dualismen i samfunnsøkonomiske utrekningar med Autevollsbrua, som hadde ein negativ samfunnsøkonomi på 150 millionar kroner.

– Kven er det som i dag vil påstå noko slikt, spør Njåstad retorisk.

Arbeidsgruppa for den vidare planprosessen vil bestå av ordførar Helge André Njåstad, samfunnsutviklar Bjørn Wefring og Marte Kalve Klepsvik frå kommunen, Tore Dalseide frå Austevoll næringsråd, Ingvar Lauvik frå Austevoll utbyggingsselskap, Austevoll fiskarlag sin representant Øystein Rabben i tilleg til Kystverket sine folk Rita Svendsbøe og Asbjørn Delin.

 

Ein analyse av samfunnsøkonomien i prosjektet konkluderer med staten Noreg faktisk tapar pengar på investeringa i fiskerihamn, som er kostnadsrekna til 134 millionar kroner, inkludert meirverdiavgift. Men ifølgje Njåstad er denne hamna naudynt for at fiskeria skal utvikla seg vidare.