mar 092012
 

Endå ein bil har kjørt ut av vegen ved Åkyllaren, knappe 200 meter frå staden der ein 18-åring omkom for kort tid sidan.

Ein personbil kjørte rundt kl 11 utfor vegen mellom Åno og Eido på Huftarøy. I fylgje poltibetjent Jostein Bjånesøy gjekk det bra med menneska involverte i ulukka, men han er likevel uroleg for trafikktryggleiken på strekninga.

– Dette viser berre at det må gjerast noko raskast mogleg med dei låge støypekantane og fråværet av autovern på utsette stadar, sa han til lokalavisa då vegen var stegt og bergingsbil arbeidde med å få personbilen opp av skrenten, der han hadde stogga i nokre tre.

Den konkrete årsaka til ulukka er enno ikkje kjent. Saka blir oppdatert.

Tysdag handsamar fylkestinet ei sak der utbetring av støypekantar og autovern to strekninga mellom Bjellandshalsen og Kvednavetnet står på agendaen, saman med fire andre vegstrekningar i Austevoll.

  One Response to “Ny bil over støypekanten ved Åkyllaren”

  1. Det bør setjast advarselskilt inntil vegen er i forskriftmessig stand.