mar 102012
 

 

Frode Storebø viste lovande takter mot eit lett Sotra-lag laurdag. AIK vann til slutt 6-0, men sigeren kunne gjerne blitt tosifra.

Fotball: Eit purungt Sotra vart ingen målstokk for AIK i dagens oppkjøringskamp på Eidsbøen. Med noko tafatt sentral midtbane før pause, skapte dei oransje nok av sjansar, men til pause stod det underleg nok 0-0. Etter kvila fekk dei oransje opp presisjonen, og med dagens mann Tord Harald Skår i brodden kunne elevane til Stig Storebø gå av banen med 6-0 i protokollen.

Midtstopparane Øystein Storebø og Alexander Dale utmerka seg spesielt, saman med ein kvass Frode Storebø. Trond Heggestad signete for øvrig målprotokollen to gongar.