mar 212012
 

Ingen klarte å tukta Ørjan Johannessen i dagens EM i kokkekunst. Herleg, sa Ørjan til Marsteinen like etter premieutdelinga.

 

Tidlegare på dagen hadde alle dei norske kokkekjendisane trua. Eyvind Hellstrøm var ein av dei.

– Ørjan er gjennomført profesjonell og har ei spesiell evne til å halda hovudet kaldt, sa Hellstrøm til Marsteinen.

Klokka 14:45 hadde Ørjan servert både fiske- og kjøttrettane sine, og visuelt låg begge eit hestehovud framfor konkurrentane.

Allereie før offisiell opningstid i utstillingshall fem der Bocuse d’Or Europe går føre seg, velta austevollingar og andre Ørjan Johannessen-supporterar inn på tribunane.

– Nervane er i høgspenn, konstatererte ei spent Asta Johannessen, mor til den norske deltakaren.

Inne på konkurransearenaen er Ørjan Johannessen godt i gang med tillaginga av den fyrste retten, under eit vaktsamt auge frå lagleiar Odd Ivar Solvold.

– Alt går så langt etter planen, enn så lenge, seier lagleiaren til Marsteinen.

Blant supporterane er òg ordførar Helge André Njåstad. Han har trua.

– Eg trur på medalje og håpar på gull, spesielt når Ørjan sjølv seier at det er ambisjonen, seier Njåstad frå supportertribunen.