mar 222012
 

Nytt andlet for torget

Førre veke var det duka for kranselag for dei mange selskapa som har medvirka til utbygginga av Bekkjarvik torg. Eit år inn i prosjektet byrjar senteret no å ta form, og om ikkje lang tid opnar butikkane på det nye torget.
– Dette er eit lite flagg for ei stor hending i kommunen, seier Inge Halstensen stolt på talarstolen i kranselaget for bedrifta som har jobba på spreng for å få utbygginga av torget i Bekkjarvik ferdig. Det er flagget i heisekrana han siktar til: Eit symbol på det gode arbeidet som no har halde på i eitt år.

 

Er i rute

Over 50 mann deltok på festen der det var diska opp med koldtbord, kake og kaffi.
Alice Austevoll Halstensen, som representerar Bekkjarvik eiendom AS og er kontraktansvarleg, kan stadfesta at det framleis er ein del arbeid som står att, men at dei likevel er i rute. Fyrst ut med å opna er den nye Spar-butikken og Vinmonopolet 19. april. Vidare vil kvar butikk opna etter kvart som dei vert ferdige med ombygginga. Ei stor feiring i byrjinga av juni vil markera slutten på prosjektet, då alle butikkane etter planen skal stå ferdige. Inge Halstensen er stolt over kva Austevoll no kan tilby:
– Me kjem til å få eit senter som heile Austevoll kan vera kry av, og som gjestane utanfrå kan ha stor glede av, fortel han. Vidare kan han konstatera at det i løpet av neste månad vil verta frigjort ledige areal, noko som vil resultera i ein ny båt- og reiskapsbutikk, i tillegg til eit parfymeri, eit apotek, og ikkje minst ein butikk med barneklede. Alle butikkane vil få nytt andlet. Nye butikkar betyr fleire folk, noko som igjen betyr fleire bilar. Når torget er ferdig vil difor ein heilt ny parkeringskjellar vera disponibel, noko som totalt sett betyr plass til om lag 200 bilar på torget.
Etter ei grundig synfaring i nybygget kan Marsteinen konstatera at blant dei store strukturelle endringane er det store vrimlearealet kor ein ny del av Kulturbakeriet vil ha sin stad i tillegg til ei avdeling med Austevoll blomster. Vrimlearealet vil vera midtpunkt i senteret, ikkje minst trappeoppsatsen til andre etasje like ved, som vil kunne fungera som ei slags scene eller talarstol der det vil vera plass til eit publikum på omlag tusen menneske.

Full av godord

Utbyggingsprosjektet har vore planlagt i eit par år, men det er fyrst no bygget byrjar å ta form.
– Konturane som me ser av forretningsbygget er noko me gler oss over spesielt med tanke på storleik, men òg gjeremåte, fortel Inge som er full av godord om alle dei kompetente folka som har stått på for å få prosjektet i boks. Han kan bekrefta at dei utvidar fyrste etasje med heile 2000 kvadratmeter, medan det totalt sett er 7500 kvadratmeter med utbygging det er snakk om. Det neste prosjektet er nemleg å laga 15 omsorgsbustader for kommunen og 20 private leilegheiter, noko som etter Halstensen å døma vil stå klart neste år.
I løpet av sommaren får torget òg ei avdeling med Brun og Blid samt ein treningsavdeling som vil verta ein del av Livststilsenteret. Det er ikkje berre det indre som vert utvida, òg hamna vil utvidast med 90 båtplassar, i tillegg til eksisterande plassar. Blant dei er ei gjestehamn for besøkande.
Kranselaget som vart halde på Bekkjarvik gjestgiveri var ei fin feiring av det nye bygget. Den gamle tradisjonen seier at ein krans skal hengast på høgste delen av huset når det er under tett tak, og då skal byggeherren spandera ein fest på snekkarane, viss ikkje vankar det ei filledukke i staden. Halstensen haldt plikta si til det fulle, men om det er heilt tett er han ikkje så sikker på.
– Vel, me håpar i alle fall det er tett, humrar han.

Senterleiar Vibeke Møgster, Alice Austevoll Halstensen og Inge Halstensen gler seg til det nye torget er ferdig.

  One Response to “Utvidar med butikkar”

  1. Bekkjarvik torg var fantastisk. Blanding av handel, næringsliv, historie og kultur var alltid ei oppleving. Mange nye handelshus utover bygdene har vore ei ulukke for mange tettstadar. Situasjonen i Bekkjarvik var det motsette. Er spent på å sja det nye torget.
    Helsing nordfjording med hytte på Hundvåkøy