mar 272012
 

Ørjan Johannessen er komen heim etter sigeren i førre veke, og mottakinga var ein meister verdig.

Ørjan Johannessen er endeleg heime etter triumfen i Bocuse d’Or i Belgia, og fekk mottaking av Selbjørn skule og dei eldste barna frå Bekkjarvik maritime barnehage då han sette beina på austevollsk jord att. Sjølvsagt måtte han skriva autografar òg, med ein gong han steig ut frå snøggbåten.