mar 292012
 

 

Korleis går det når Inge Halstensen og Edvard Johannes Stangelan er krimetterforskarar? Det får du svar på i påskeutgåva av Marsteinen, som du kan lesa i dag.

Inge Halstensen vakna av eit frykteleg skraml, og vart dregen ut av sin vanlege draum om fylkessenteret Bekkjarvik. Skramlet synte seg å vera Vibeke Møgster på nattbordstelefonen, og lettare oppgitt tok han imot samtalen:

– Men kvifor i all verda ringer du meg klokka halv to på natta Vibeke? Vi har jo snakka om det her før, og eg treng framleis ikkje real-time telefonoppdatering på bloginnlegga dine.

– Det er Gardar, Inge. Han er vekke…