mar 292012
 

Ein handfull lærarar ved Austevoll vidaregåande skule la ut ein kald mandags-morgon med båten full i skuleelevar. 15,2 tonn med torsk skulle fiskast over dei neste tre vekene, og rett over 30 elevar skulle få det fyrste møtet sitt med kommersielt fiske.

Gutane ved Fiskarfagskulen fekk skryt for sin iherdige arbeidsinnsats under den tre veker lange tokta med Stø kurs.

Nisene som forvilla seg i garnet ble til eit herleg måltid for ungdommane og lærarane, då dei verken fekk kasta dei på sjøen eller selja dei.

Ungdommane var nøgde med fangsten. Sigeren på tonnasje gjekk til b-klassen VK1 naturbruk med tre tonn på ein dag.