mar 292012
 

Bergensrapparaen Lars Vaular kjem til Havfest om knappe to månadar. Etter deadline på papiravisa fekk Marsteinen mail frå den verbale mitraljøsa frå Åsane, og delar difor det korte intervjuet med nettlesarane våre.

Lars Vaular er klar for Havfest, til festivalsjefens store glede (Pressefoto).

Rapparen Laus Vaular vert inspirert av venane sine og livet han lever når ein tekst eller melodi kjem til han, skriv han på mail frå Thailand. Difor vert det òg slik at rappinga skjer på erkebergensk, fordi dette står han nærare.

– Personlegdomen min hadde nok forsvunne litt dersom eg hadde oversett tekstane mine til eit anna språk eller ein annan dialekt, skriv rappens ypparsteprest til Marsteinen. Han legg til at ein rap om Austevoll kanskje kunne ha handla om fiske, men at det er austevollingane sjølve som eventuelt måte føla kallet til å skriva nokre ord om heimkommunen sin. Vaular konstaterer at han har spela i Austevoll før, og skryt av Austevollhallen og bowlingsbanen like ved.

Rappen om Siv Jensen kjem årets hovudtrekkplastar i den havfriske festivalen i Prestagardshagen ikkje til å framføra.

– Mange trur jo at songen handler om nokon som drep Siv Jensen, og at det skal bety at eg håper nokon drep henne, men i teksten så er det ingen som gjer dette. Det smarte med sangen er jo at teksten i seg sjølv er skrive som eit bilete på korleis folk kan sluka overskrifter råe, og korleis ein kan bruka media til å lura til seg stemmer (eller i mitt tilfelle lyttere), noko eg meiner politikarar, inkludert eit parti som Frp, alltid har vært flinke til. Måten media og publikum reagerte (på godt og vondt) på sangen er jo òg eit bilete på akkurat dette. Men eg har mange sanger eg liker bedre enn den, så eg pleiar ikkje spille han på konserter, skriv rapparen til Marsteinen.

  3 Responses to “Intervju: Vaular kjem til Havfest”

  1. Eg trudde ikkje oss austevollinga flest likar bergensara og han let jo til å berre rappa om dop,vold og hyllar kriminelle,så eg synes ikkje ditta passa seg i sammenheng med havfest,me vil ha skikkelig musikk ,ikkje detta fattigmannsgreiena!

  2. Hei Eric. Eg trur nok austevollingar flest kjem godt overeins med både bergensarar og folk frå andre kommunar i nærleiken, utan at eg skal snakka for alle. Som du kan lese i intervjuet rappar han ofte om ting som han sjølv har opplevd i livet sitt, men longt i frå alle låtane hans handlar om dop, vald og hylling av kriminelle slik du påstår.

    Dei siste åra har faktisk Lars Vaular befesta seg i ein posisjon som ein suveren einar i toppen av norsk Hip hop, og har vorte hylla av både arrangørar, publikum og anmeldarar for den siste plata og dei siste opptrednane sine.

    Han har og vore gjest og opptrådt i fleire tv program dei siste åra, mellom anna TV-aksjonen på NRK1 i haust og Senkveld på TV2. Eg meiner dette beviser at han iallefall har gjer noko rett.

    Me i Havfest er iallefall svært nøgd med å få ein av Norges mest populære artistar for øyeblikket til kommunen og festivalen vår. Håpar du likevel finn nokre av dei andre artistane me har på programmet interessant. Fattigmannsgreier eller ei.

    Med helsing Håvard Brekke Haugland

    • Eg hadde egentlig allerede bestemt meg for å gå på Havfest i år, og at Lars Vaular kjem skremmer meg definitivt IKKJE vekk!
      Glede meg!