mar 302012
 

Venner av Hufthamartunet har aktivitetar på tapetet, fyrst ut er bok- og teikneseriebyttedag, med tilbod til dei som har interesse for blomar og grøne vekstar.

Med våren kjem òg meir liv og røre på Hufthamartunet. Samskipnaden Venner av Hufthamartunret vil allereie like etter påske arrangera ein bok- og teikneseriebytte/salsdag på det tradisjonsrike småbruket heilt nord på Huftarøy. Dei vil samstundes tilby det same for blomster, stauder og andre bukstvekstar.

I fylgje Henriette Ullahammar må dei som er interesserte i å selgja eller stilla ut sjølve ha med seg bord eller presenning, då slik ikkje er tilgjengeleg på tunet.

Kake, kaffi, saft, hot dog og vaflar vert det òg høve til å få kjøpt.

Seinare på året vert det St. Hans-feiring, ny marknadsdag i august og familiedag i adventstida.