apr 022012
 

Med tre tap, og to sigrar klarte Noreg med knapp margin å snika seg unna nedrykk i kjelkehockey-VM på Hamar førre veka.

– Her er det lite å skriva heim om, kom det frå ein desillusjonert Ole Bjarte Austevoll per sms då Marsteinen var på veg for å overskua Noreg-Canada på Hamar. Dei to fyrste kampane hadde resultert i 4-1 tap mot Korea og 2-0 mot Italia, og dermed stod Noreg i fare for nedrykk til B-gruppa. Trass dårlege resultat så langt var likevel stemninga i skøytehallen god, og folket var benka for tre rundar med intens kølleføring. Noreg opna sprekt med mål etter eit minutt og 59 sekund, utført av Magnus Bøgle. Utlikninga kom 50 sekund detter av Dominic Larocque, og åtte minutt og fire sekund inn i første periode satte Adam Dixon 2-1 til Canada. Noreg sleit med å halda følge med gutane i lønneflagget, og tre minutt inn i andre periode satte Kieran Block tredje målet til Canada. Spelet avtok etter kvart frå begge laga og linjedommaren måtte foretaka ein heil del dropp av pucken, etter å ha erklært icing.

Røfft spel i kampen mot Canada.

Siste krafttak

Nokre minutt ute i tredje og siste periode tok kampen seg opp att, og det var gode målsjansar for begge lag, og fysisk spel. 30 nervepirrande sekund med spel nærast inni det norske målet resulterte i redning, men like fullt tok Canada siste målet to minutt før kampslutt og sigra over Noreg 4-1. Men det viktigaste for framtida til Noreg i kjelkehockeyen var likefram ikkje utfallet av denne kampen, men kampen mot Japan morgonen etter. Denne ville avgjera om Noreg framleis kunne halda seg over b-gruppa og vera med på både Paralympics 2014 og ikkje minst neste a-VM. Her synte Noreg at vi har ein plass i verdseliten med ein knusane 4-0 siger, og spelet fungerte slik det skulle. Laurdagen sikra Noreg seg 5. plassen, òg i ein maktdemonstrasjon mot Italia med fem mål, mot null. USA tok ein knepen siger over Canada med 2-1 fredagen, og hadde sikra seg ein plass i finalen mot årets store finaleoverrasking; Korea. Bronsefinalen Canada/Tsjekkia endte med uavgjort 2-2, og ikkje heilt uventa tok USA gullet med sin 5-1 siger.

Canada fekk uttelling på tre av sju skot, men denne gongen fekk pucken ei ny retning etter heilt intenst halvminutt.

– Eg trur det var allereie i fyrste kampen, mot Korea, at me ramla utfor, reflekterar Ole Bjarte. Me tok tapet med oss til Italia-kampen, og det er ikkje godt å seia kva det var, men noko fungerte ikkje i alle fall.

Forventningane var høg for landslaget, og dei følte dei låg veldig godt an til pallplass i VM, men slik vart det altså ikkje.

– Me er ikkje nøgd med sluttresultatet så klart, men me er nøgd med samspelet og kor godt laget fungerte, er avslutningskommentaren til Austevoll.

Beste spelarane frå båe laga fekk utmerkjinga si av prinsessa.