apr 032012
 

Luftambulansen tek av frå Hufthamar i retning Bergen.

Ein britisk dykkar er frakta til sjukehus i ettermiddag tysdag etter ei ulukke ved arbeid ved oppdrettsanlegget ved Flatøyflu nord-aust i Austevoll. Anlegget vert eigd av Lerøy Vest, men dykkaren arbeidde for eit innleigd firma.

Noko skal ha gått gale med lufttilførselen og dykkaren vart teken opp i båten han dykka frå. Reserveluftflaska skal heller ikkje ha fungert føreskriftsmessig, og briten var livlaus då han vart fiska opp por sjøen.

Då Marsteinen var på Hufthamar like etter klokka 16 var luftambulansen i ferd med å ta av, og i fylje redningsmannskap på staden var det oppnådd kontakt med den skadde.

Statusen til den skadde er kritisk skadd, opplyser Haukeland sjukehus gjennom pressemeldingstenesta si.