apr 092012
 

Fotball: Austevollherrane var eit strå kvassare enn fjerdedivisjonslaget Valestrand/Hjellvik då betre kondisjon og ein kvass Tord Harald Skår vippa vektskåla i dei oransje sin favør etter pause.

 

Tord Harald Skår var dagens mann, men fleire andre AIK-arar utmerka seg, blant dei kaptein Inge André Rabben og målvakt Daniel Aga.

Heimebanen til Valestrand/Hjellvik gav lite rom for elevane til Stig Storebø å boltra seg, men med ein hardt kjempande og giftig Tord Harald Skår heilt i spissen, kunne dei oransje til slutt gå av banen med ein fortent tremålssiger.

Fyrsteomgangen var rett så rotete, utan at det vart produsert særleg store sjansar til nokre av laga, men nærare pause verka det som dei kvit- og svartstripete var i fred med å gå tomme for krutt. Etter pause befesta dette inntrykket seg, og det var ikkje overraskande då Tord Harald Skår reiv seg fri av oppassaren sin, og plasserte ballen i nota. Seinare var Kristoffer Østervold farleg med hovudstøytt etter hjørnespark av Inge André Rabben, før Valestrand yppa seg ved to høve. Men så var det Christian Møgster då. Nettopp landa frå USA-ferie med familien, let innbyttar ikkje høvet gå frå seg, og knalla inn 2-0 til bortelaget etter eit par standard dansetrinn inne i 16-meteren til ostringane.

Tord Harald ordna tredjemålet direkte på frispark, før han strengt teke burde ha putta på endå eitt etter glitrande forarbeid av Østervold, som kraftfullt tok seg forbi eit par motstandarar og la ballen ut att i 45 grader. Diverre gleid ballen litt av foten, og i ein boge over mål.

Fyldigare referat og spelarbørs får du i avisa på torsdag.

 

Kampfakta:

Valestrand/Hjellvik – Austevoll 0-3 (0-0)

NM-kvalikk, Furuflaten, Valestrand 9. april 2012

Mål: 0-1 Tord Harald Skår 48

0-2 Christian Møgster 64

0-3 Tord Harald Skår 73

AIKs lag (4-4-2): Daniel Aga – Henrik Melingen, Øystein Storebø, Alexander Dale, Edvard Johannes Hevrøy – Frode Storebø (Christian Møgster 54), Inge André Rabben, Joakim Bjånesøy (Adrian Hovland 87), Kristoffer Østervold – Kurt Hovland (Ørjan Haugland 27), Tord Harald Skår