apr 122012
 

Innan hausten 2015 kan ein ny stor barneskule for den nordre delen av Austevoll stå klar. No reknar kommunen på kostnadar ved denne utbygginga, medan idrettslaget på Selbjørn forventar at kommunen skal ta ekstrakostnadane med idrettshall, saman med skuleutbygginga på Selbjørn.

 

Storebø skule er verken stor nok eller har bygningsmessig kvalitet nok til å vera hovudskule for nordre delen av kommunen. Difor må det byggjast nytt, meiner mange politikarar.

Både utbygging av Sebjørn skule og arbeid for ein ny og større skule i nordre delen av kommunen står på sakslista til kommunestyret til veka. Selbjørn skule i eiga sak – og ny barneskule i nordre Austevoll i sak om tekstdelen av kommuneplanen

Ordførar Helge André Njåstad seier til Marsteinen at det er naudsynt å sjå på skuleutbygging både nord og sør i kommunen i ein samanheng.

– Me må allereie no innanfor ansvarlege økonomiske rammer vurdera ein ny skule for heile den nordre delen av Austevoll. Samstundes vil me rusta opp Selbjørn skule, men me ser det ikkje som ei kommunal primæroppgåve å reisa ny idrettshall og ta oss av driftskostnadar på denne, seier Njåstad til Marsteinen.

– Ei slik satsing må skje med mykje medfinansiering frå idrettslag og næringsliv og kommunen sitt bidrag er eventuelt effekten av å byggja det samstundes som skulebygget som får ned kostnadane.

 

Betre bygg

Njåstad legg til at kommunen per i dag ikkje har ein einaste skule som er fullstendig helseverngodkjend, noko han meiner det må gjerast noko med. Dessutan er bygningmassen  på Storebø skule ikkje av ein kvalitet og storleik som gjer at han utan vidare kan taka hand om folkevekst og elevar frå andre skular når strukturendringar skal gjennomførast.

– Det er ikkje konkludert på noko anna felt enn at me skal vurdera nytt skulebygg i nord, men skal me rusta oss for framtida og folkevekst treng me å tenkja framtidsretta, forklarar Njåstad.

Å byggja ein heilt ny skule for alle barneskuleelevar i Austevoll, trur ikkje Njåstad er ein god idé, trass i gode røynsler med samling av ungdomsskulen.

– Det vert billegare å rusta opp Selbjørn skule, enn å byggja så stort på ein heilt ny skule at han skal husa alle elevane i heile kommunen, konstaterer Njåstad.

 

God nok økonomi

Ordførar Njåstad er ekstremt oppteken av at ingen investeringar som det ikkje er økonomi til vert gjennomført, og at det må breie politiske prosessar til som fører til konsensus blant innbyggjarane.

– Me skal ha råd til å investera i skule og finansiera renter og avdrag over driftsbudsjettet ettersom me har høgare inntekter og lågare lånegjeld enn dei fleste kommunar, men det dreiar seg samstundes om så store investeringar at me må leggja opp til ein breiast mogleg debatt om kva val landar på, slår Njåstad fast.

 

TrH