apr 182012
 

Trond Heggestad utliknar til 1-1 med ei klassescoring. Seinare fullførte han hat-tricket sitt, etter fyrst å ha brent straffespark.

AIK slo til slutt Sotra 5-2 heime på Eidsbøen etter ekstaomgangar. Før dei hadde kome så langt fekk publikum oppleva eit halvt dusin gule kort, direkte raudt på Brede Storebø, brent straffe av Trond Heggestad og eit variabelt AIK-lag.

Kampfakta:

Austevoll – Sotra 5-2 (2-1) e.e.o.

Andre kvalfiseringsrunde, NM, Austevoll kunstgras 18. april 2012.

Mål: 0-1 Kristoffer Snekkevik (28), 1-1 Trond Heggestad 43, 2-1 Tord Harald Skår 44, 2-2 Simen Birkeland, 3-2 Tord Harald Skår 102, 4-2 Trond Heggestad (str 105), 5-2 Trond Heggestad 115.

AIKs lag (4-4-1-1): Simen Bratten Gjøvåg 4 – Andreas Risøy 4 (Adrian Hovland 66 5), Øystein Storebø 6, Alexander Dale 7, Håvard Vassnes 3 – Frode Storebø 5, Inge Andre Rabben 6, Ørjan Haugland 4 (Kristoffer Østervold 66 7), Brede Storebø 6 – Tord Harald Skår BB 8 – Trond Heggestad 7 (Stian Dalseide 117)

Gule kort AIK: Inge André Rabben, Håvard Vassnes, Adrian Hovland.

Raudt kort: Brede Storebø (110)