apr 192012
 

Sjølv om det ikkje vart nokon frå Austevoll som gjekk vidare frå UKM Hordaland i Grieghallen i helgen, hadde dei åtte austevollingane ingen problem med å kosa både på og bak scena og nyta stemninga etter at den verste lampefeberen kjølt seg.

Trass i at stemma sprakk litt i byrjinga gjorde Ingelinn Hausberg ein flott framføring av Rolling in the Deep saman med Kenneth Hauseberg på gitar og Jakop Hauge på trommer.

Elida Waage har vorte scenevant av å syngja framfor det austevollske publikum. Her me broren sin Ole Marius i gong med Someone like you av Adele.

Syskenparet Renate og Hans Arvid Naustheller var fyrstemann ut blant gjengen frå Austevoll i fylkesmønstringa og kunne dermed nyta showet resten av dagen.