apr 192012
 

Mikkel Gaup og Halvdan Nedrejord heldt eit utagerande innlegg om joiking i Austevollshallen for ungdomsskuleelevane, og fekk med seg heile elevmassen i samane sin variant av skaldeverk- semd.

Rypa på Finnmarksvidda, joiken om samejenta som dei unge beilarane aldri fekk fat i, vart eit sentralt innslag i forklåringa på korleis ein joik er oppbygd.

– Når ein skal joike ei kvinne, vert joikestavingane he, lo, la, le mjuke og sensuelle, nett som ei kvinne. Skal ein joike ein jerv til dømes, vert stavingane harde og gutturale, lik som dyret, synte Nedrejord, og fekk vidare ungomsskuleelevane til å joika eit reinsdyr. For det heiter ikkje å joika om nokon, men å joika nokon. Gaup, som sjølv hadde det vanlege blaserte tenåringsforholdet til kulturarv, oppdaga ikkje joiken før han skulle spela inn Veiviseren, og vart tvungen til å læra seg å joika.

– Mor mi trudde eg låg for døden på rommet mitt under dei fyrste joikeforsøka mine, lo han. Men han hadde det ikkje uventa i blodet, for det var inga teikn til svinnande helse i fredagens framføring.

Stemning framfor ord

Mykje av joiken er verkemiddel for å få fram ein stemning og kjensle av den som vert joika, og dermed går mykje på joikestavingar framfor faktiske ord. Det vert ei form for historiefortelling med lydeffektar framfor artikulasjon. Likeframt vert det sagt enkelte ord og fraser som namngjev den joiken er retta til. Etter å ha fortald alle kva samenamnet sitt er, legg Nedrejord ned nokre av reglane for joiken.

– Ein joik er aldri negativ, og alltid positiv der han framhevar eigenskapane til eigaren. Og du joikar aldri om deg sjølv. Seansen i gymsalen vart avslutta med ein kalvalkade med kjende joikar frå media, som Ante-joiken frå barne-tv og Sámiid Ædnan frå Eurovision song contest, til stor jubel frå rektor ved ungdomsskulen, Tor Grini, som hadde etterlyst desse i ein god halvtime allereie.

Seansen i gymsalen vart avslutta mellom anna med Sámiid Ædnan frå Eurovision song contest, noko som falt i god smak hos elevane i Austevollshallen.