apr 192012
 

Silje Rabben stakk denne veka av med ein pris på kr. 200 000 då ho kom til topps i klimakonferansen Technoport sin Young innovation award i Trondheim.

Sigeren sikra ho med oljestøvsugaren ho og kollegaane i Kaliber industrial design har utvikla, eit patent som spyler ut biomateriale som til dømes bork eller torvmose over oljesøl, for så å suga det opp att. Den handheldte oppsugaren både effektiviserar med tanke på tid og omfang, og ikkje minst er den lettare å arbeida med. Såleis vert belastninga mindre på bæraren, og i desse HMS-dagar er det ein viktig vinst. Apparatet går under namnet Mose og er under produksjon i Trøndelag. På spørsmål om kva vinnarpengane skal gå til er ikkje Silje heilt sikker, men det ligg an til vidareutvikling av Mose.

– Me har fått med oss Hafslund, og dei ynskjer å få Mose tilpassa til industrimarknaden. Hydraulikkolje og kjemisk søl er to dømer på kva Mose kan nyttast til i industrisamanheng, fortel ho og legg skuldig til at dei kanskje kjem til å skli ut med ei lita flaske champagne for å feira sigeren òg. I konkurransen deltok òg Anne Marthe Dalseide og Propio, og Silje er overgjedd over at dei kom heilt til topps med tanke på kor sterke deltakarane var.

– Motivasjonen til å stå på og halde fram får godt med påfyll etter tysdagens siger.

Steget til kommersiell forbrukar er nært i framtida for Mose.