apr 192012
 

– Me får sjå om det er nokon som tør å vera fyrst. Det var siste kommentaren Marsteinen fekk ut av Kai Rune Olsen, for høvet tilsendt frå Vinmonopolet på Stord for å assistera med opninga av den nye filialen i Bekkjarvik.

– Det har teke lengre tid å få pol i Austevoll enn å landa på månen, var Halvard sin kommentar då han fekk overrekt blomar som kunde nummer ein.

Blomane låg klare til fyrste kunden, og etter ein liten flokk som fòr rett forbi og inn på den nye Spar-butikken, kom Halvard Stenevik med målretta blikk mot den velkjende krusedull-logoen. Og han kom ikkje åleine. Den fyrste halvtimen rann det inn ein jamn straum av folk, nokon medvitne på kva dei skulle ha, mange berre for å sjå i hyllene. Magnar Fedøy stakk av med den fyrste flaska brennevin seld over disk i Austevoll på 98 år, og vart teken litt på senga når han fekk vita det.

– Nei, det var jo flott det. No kan me jo kjøpa ei flaske vin no og då, i staden for å reisa til Bergen og kjøpa på kartongvin. Ordførar Helge André Njåstad på si side hadde langt mildare saker i sin pose.

Magnar Fedøy slepp å stoppa i rushet på veg til hytta, no som Austevoll sitt Vinmonopol er eit faktum.

– Eg er på veg til Soknerådet så i dag er det best å lada med kaker og kaffi, lo han, men drog hurtig på seg ei meir alvorleg mine.

– Me vonar jo at polet si kjømd skal fostra drikkekultur og bruk, framfor misbruk. Eg trur ikkje det vil gjera det store utslaget i alkoholdebutalderen verken frå eller til, men det er klårt at problem som smugling til og handelslekkasje frå Austevoll vil betra seg med det nye tilskotet på senteret.

Thomas Brekke vart den fyrste til å syna legitimasjon og fekk sin gratulasjon av ordføraren.

 Over vegen

På andre sida av veggen opna Spar sin nye butikk samstundes, og djupt inni korridorane på butikken som er for stor til å festa seg på film, fann journalisten amerika-gastronomen Betsy Vinnes. Ho var imponert over butikken, og var klår på at det ikkje var ein ting ho sakna så langt der inne. Det var gjerne ein tanke dyrare for maten på denne butikken, men i dag var det så mykje ti-kronerstilbod at det gjorde ingenting.

– Her skulle ikkje folk trenga å dyrka eigne grønsaker med utvalet på Bekkjarvik Spar, meinte Betsy Vinnes

Senterleiar Vibeke Møgster vonar at dei nye og utvida tilboda skal auke turismen mot Austevoll.

– Utbyggjinga av senteret i Bekkjarvik, saman med dei andre sentera og ikkje minst nærbutikkane i Austevoll tilfredsstillar i større og større grad behovet til austevollingane. Slik vonar me å få redusert handelslekasjen ut av Austevoll.

 

Men austevollingar er jo eit undereleg forlkeslag, for med heile verda open føre seg i drikkevarer, vel dei fleste å ta den litla turen over vegen; dagens salsvinnar er Bekkjarvik Gjestgiveri sin eigen musserande vin, der hylla laut fyllast på av dagleg leiar Ann May Hevrøy to gonger berre fyrste halvtimen.

  One Response to “Fyrst, fyrst og fyrst”

  1. Se her ja…her var det mye blide fjes:)Gratulerer:)))