apr 202012
 

Reiarlaget H. Østervold investerer i den pelagiske trålaren «Havbas», som næraste er fullstrukturert. Den gamle slitaren vert på hausten erstatta av noverande «Fiskebas».

"Havbas" er på plass som nytt austevollfartøy på onsdag, men vert erstatta av "Fiskebas" i løpet av hausten. Foto; Jermund Skår.

Styreleiar Kjetil Østervold i reiarlaget H. Østervold er glad for at handlane som doblar flåten er på plass. Det tradisjonsrike reiarlaget kjøper «Havbas» med fulle kvotar, samstundes som dei vil skifta dette fartøyet ut med den langt nyare «Fiskebas».

– Me ynskjer å utvikla oss som reiarlag, og når høvet baud seg var sjansen for god til å gå i frå seg, seier Østervold. Båtane får namnet «K. M. Østervold», oppdøypt etter Knut Magnus Østervold, som tragisk vart riven bort i ei drukningsulukke for om lag eit tiår sidan. Fiskerinummer vert H 80 AV.

– Me kjem til å lata noverande mannskap fiska tobis for oss, og vil deretter tilsetja eige mannskap. Mest truleg treng me mannskap frå brua til maskinen, men det er ikkje heilt avgjort enno, seier Kjetil Østervold, som avslører at reiarlaget har særs gode røynsler med austevollingar.

«Havbas» er bygd som «Eldjarn» i 1979, som har såleis fortid i reiarlaget. Båten vert overteken komande onsdag. Denne ynskjer altså H. Østervold å selja vidare og fiska med «Fiskebas», som vert overteken i midten av september. Dette fartøyet er bygd i 1996, ved Solstrand verft.