apr 202012
 

Frode Storebø og kompani skal på nytt måla krefter med Nest-Sotra, eit lag dei har relativt godt grep på. Foto: Kjetil Rydland.

 

Austevoll tek i mot Nest-Sotra i cupen. Sotra-laget var divisjonskollega med AIK i fjor, der Austevoll slo grøntrøyene borte (5-4 til AIK) og tapte heime (2-6). Før sesongen i år tok dei oransje ein sterk siger med 4-1 på Ågotnes i treningskamp.

Stig Storebø er nøgd med trekkinga.

– Ikkje vår tur å få Brann i år, men Nest er eit lag som me har moglegheit å slå ut, sjølv om det blir vesentleg tøffare enn i treningskampen i mars. Vinn me, så er det nesten garantert ny storskalp me kan få bryna oss på, konstaterer AIK-trenaren.