apr 232012
 

I dag fekk Magnus Stangeland melding om at han er frifunnen i Høgsterett i forbindelse med stortingspensjonsaka. Stangeland tapte i første rettsinstans, men vann ein knusande siger i Lagmannsretten. Etter at påtalemakta anka domen frå Lagmannsretten, vart saka ført for høgsterett i april i år, og er no avslutta i Stangeland sin favør.

Magnus seier sjølv at han er umåteleg letta, ei kjensle han ikkje kan beskrive, og er på strak veg heim til middag med kona Kari.

  One Response to “Magnus Stangeland frifunnen”

  1. Gratulerer Magnus! Dette var storarta, gledeleg og 100% fortent.