apr 232012
 

Austevoll hadde på ingen måte dagen då opprykksrival Fotballklubben Haugesund sitt andrelag vitja Eidsbøen. Sluttresultatet 0-1 var flatterande for dei oransje.

 

Inge André Rabben fekk ikkje det beste ut av medspelarane sine, i tillegg til at det knaut seg for midtbanegeneralen når han nærma seg mål, slik som her, der ballen sklir av foten i god posisjon ut i andreomgangen.

Med eit fattig poeng etter dei to fyrste serierundane framstår AIK langt frå det topplaget supporterane hadde forventa før sesongstart, etter heimetap 0-1. I ettermiddagens oppgjer mot FKH 2, av mange tippa som eitt av topplaga i divisjonen, vart dei nedkjempa av eit meir fysisk robust og samspelande haugesundslag.

Stort sett heile startellevaren presterte under pari, men etter ei lite blemme ved Haugesund si scoring, var det Simen Bratten Gjøvåg som med vakent keeper-spel og litt flaks heldt AIK inne i kampen.

 

Les referat i avisa på torsdag.

Austevoll – FK Haugesund2 0-1

0-1 Tor André S. Aasheim (17)

Austevoll kunstgras, 3. divisjon avd. 7, 23. april 2012.

AIKs lag (4-4-1-1): Simen Bratten Gjøvåg 5 – Henrik Melingen 2 (Andreas Risøy 89), Øystein Storebø 3, Alexander Dale 4, Edvard Johannes Hevrøy 4 – Frode Storebø 4, Inge André Rabben 4, Adrian Hovland 3 (Kurt Hovland 66), Kristoffer Østervold 4 (Ørjan Haugland 84)- Tord Harald Skår 5 – Trond Heggestad 5