apr 262012
 

Austevollingen Tresor Egholm (29) har fått meirsmak på futsal etter å ha møtt fleire av laga i verdseliten med landslaget. No satsar han truleg vidare.

 

Noreg klarte ikkje å ta seg til verdsmeisterskapen i futsal. Til det var overmakta frå Italia i dei to kvalikkampane for stor. Vår eigen Tresor Egholm var med på bortekampen, så sjukdom tvinga han til å bli heime då Noreg var vertar for italienarane. Ball-eleganten fortel om ei stor oppleving, og 3 500 elleville supporterar som song for full hals før og under kampen. Det sporar òg til ny satsing.

– For eigen del var eg ekstremt konsentrert før Italia-kampen, og var skikkeleg offensiv i hovudet. Me ville prova at me var endå betre enn i heimekampen, der eg måtte melda forfall, seier Egholm til Marsteinen. Han fortel at spelet lettare kjem inn i flytsona når han tenkjer offensivt: Tøffare i duellane og bryter oftare framføre motspelarane.

Noregs nummer 8 har lyst å satsa vidare på innefotballgreina. Å få positive attendemeldingar på innsatsen mot stormakta Italia, gledar sjølvsagt.

– Eg følar at eg enno gjer ein god jobb for laget, spesielt med tanke på røynsle og det å gjera dei rundt meg gode, konstaterer Tresor. Han meiner at laga som har spelarar som best klarar å samhandla oftast vinn kampar, og at hans eigne kvalitetar legg spesielt på dette feltet.

Noreg stressa Italia med det høge presset raudtrøyene er blitt kjende for. Dei vann jamvel sjansestatistikken i fyrsteomgangen, medan det vart jamnare etter pause.

– Skilnaden mellom laga låg i avsluttingsteknikken, der har me eit godt stykke igjen, avsluttar Egholm.

Tresor i aksjon mot Italia på bortebane. Ei stor oppleving for landslagsmannen frå Storebø. Foto: Guttorm Lende, NFF.