apr 262012
 

Kommunepolitikarane sine ambisiøse planar for skuleinvesteringar er urealistisk, meiner ein av Noregs fremste ekspertar på kommuneøkonomi, Bjørn Brox.

Austevoll kommune har til intensjon å både reisa ny skule nord i kommunen, samstundes som Selbjørn skule vert påbygd. Totalkostnadane for dette grepet vert over 200 millionar kroner, pengar som i hovudsak må lånast. Bjørn Brox i Agenda Kaupang karakteriserer finansieringsplanen for skuleprosjekta som særs dristig.

– Effektiviseringsvinsten med to skular er ikkje så stor. Her føreset ein høgare både skatteinngang og fleire innbyggjarar. Det er stor sjanse for at denne planen sviktar, seier Brox. Kommuneøkonomieksperten legg til at renterisikoen for kommunen aukar mykje med 200 millionar ekstra i lån. Tre prosent auke i rente betyr om lag tolv millionar i ekstra utgifter per år når gjelda er 400 millionar kroner.

– Dette er ikkje ein realistisk plan og risikoen er altfor stor, er konklusjonen frå Brox. Likevel meiner Brox at det kan vera fornuftig med skulestrukturendringar i Austevoll. Han peikar på at øyane kunne klart seg med ein barneskule, slik dei mellom anna har gjort i kommunar som Sør-Aurdal og Hof i Vestfold. Felles skular binder saman bygdene på ein god måte, er bodskapen frå Brox, som er mannen bak kommuneøkonomispalta i Kommunal Rapport.

Njåstad tilbakeviser

Ordførar Helge André Njåstad trur ikkje at Marsteinen har klart å gje god nok bakgrunnsinformasjon til Agenda Kaupang, og at Brox difor uttalar seg på sviktande grunnlag.

– Austevoll er ein heilt spesiell kommune i skattesamanheng, og er trur ikkje at Brox kan ha god nok kjennskap til historikken vår og det faktum at me har skrudd ned skatteinntektene vår for 2012 og 2013, konstaterer Njåstad til lokalavisa.

Liv Bente Storebø i Høgre si kommunestyregruppe var med på forslaget om skuleutbygging på Selbjørn, der òg intensjonane for ein ny skule nord i kommunen vart lagt fram. Trass i at renteutviklinga alltid er usikker.

– Me kan mellom anna skaffa oss betre førehandskjende vilkår ved bruk av fastrenteordningar, seier Storebø, som har ei fortid som økonomisjef i Austevoll kommune.

Storebø konstaterer at skuleutbygging er naudsynt, og sjølv om lokalpolitikarane ikkje kan sjå inn i den vidgjetne glaskula, finst det ein mogleg buffer å ta frå.

– Forslaget me var med på la òg til grunn fjerning av eigedomsskatten. Skulle det verta naudsynt, er det fint å ha det høvet i bakhand, slår Storebø fast.

Skuleutbygginga i Austevoll kan bli veldig kostbart for kommunen, meiner kommuneøkonomiekspert Bjørn Brox. Trolandshamar skule vert lagd ned dersom politikarane gjennomfører intensjonen sin. Arkivfoto