apr 302012
 

«Granit iv» frå Vartdal på Møre vert austevollsk. Dermed får austevollflåten den fyrste torsketrålaren sin, med fabrikk om bord. Kjøpar er Halstensen-familien.

"Granit iv". Foto: Erlend Vartdal.

Inge Halstensen har kjøpt seg inn i kvitfisksektoren. Nyebåten er «Granit iv», som er ein fabrikktrålar med konsesjonar på torsk, sei og hyse, utan leveringskrav som knyt fartøyet til eit spesielt landanlegg.

– Me kan ikkje ekspandera stort meir innanfor pelagisk sektor, grunna regelverket. Innanfor kvitfisk finst det ingen slike avgrensingar, kommenterer Inge Halstensen om kjøpet av fabrikkskipet, som sysselset 40 mann. Fiskerikjennaren frå Bekkjarvik meiner i tillegg at utsiktene er noko tryggare innanfor kvitfisksektoren enn i ringnót, og innteninga er på line med det ein har for ein fullstrukturert båt innanfor det segmentet Halstensen har operert i til no.

– Granit er òg eit brand name i Storbritannia, seier Inge. Skipet vert overført til Austevoll og får H – AV i baugen, men vert likevel drifta med kyndig og røynd hand frå Ålesund. Inge konstaterer at dei neste åra vert ein læreprosess for reiarlaget hans.

Møre-Nytt frå «Granit iv»

Fakta:

«Granit iv»

Bygd: 1989, Ørskov Christensens Staalskibs, A.S

Lengde: 67,4 m

Breidde: 14 m

Fartøyet har kvotar på sei, torsk og hyse.