mai 032012
 

Han er Austevoll sin mest kjende stridande frå Den andre verdskrigen. No er Johannes Kalve sine medaljar og uniform utstilt på Nordsjøfartmuseet i Tælavåg.

 

Leif Larsen sine medaljar og uniform saman med Johannes R. Kalve sine.

I eit monter heng krigsutmerkingane til Leif Larsen (1906-1990) og Johannes R. Kalve (1919-2005). Shetlands-Larsen var Noregs høgast dekorerte sjøoffiser, og austevollingen Kalve vart hans høgst verdsette medarbeidar. Nordsjøfartsmuseet i Tælavåg har dermed løfta fram duoen, som gjensidig beundra kvarandre. Den elles utruleg sindige klippa Johannes R. Kalve fekk ei tåre i augekroken då han snakka om gamlesjefen sin i eit intervju med Marsteinen for 14 år sidan.

– Eg saknar Leif noko aldeles valdsamt, sa Kalve til lokalavisa den gongen.

I desse dagar er det 70 år sidan Austevoll sin mest kjende stridande frå Den andre verdskrigen drog over Nordsjøen i ein open småbåt. Seinare vart han ein av Shetlands-Larsen sine viktigaste hjelparar, mellom anna i forsøket på å senka slagskipet «Tirpitz» i Trondheimsfjorden.

Marsteinen trykkjer intervjuet med den høgt dekorerte krigshelten frå Storekalsøy nok ein gong – i kommande nummer.