mai 032012
 

220 menneske var samla ved kunstgrasbanen på Eidsbøen for å bivåna den målrike cup-kampen mellom AIK og Nest Sotra onsdag 3. mai. Rett nok kunne dei fleste spart seg fyrsteomgangen, og for medvindssupportarane var ikkje dette rette kampen å gå på.

Ballen gjekk i publikum etter eit halvt minutt av fyrste omgang, og deretter dalte dramatikken. Laga heldt sine respektive sider, og dei stakkars angrepsspelarane måtte meir eller mindre freista seg åleine mot det andre laget. Frode Storebø synte storform, og hadde fleire gongar lange løp som kunne ha vorte farlege for Nest Sotra, men stod for lenge åleine då han kryssa over midtbana. Halvhjerta passningar baketter, og mykje frispark prega heile omgangen, og det stod 0-0 etter 45 minutt.

Ei kraftig strategiendring markerte seg med ein gong i andre omgang, og AIK hadde ein solid målsjans innan fyrste minutt var gådd. Framleis låg angrepsspelarane litt for langt bak på banen, men dei satte kraftig press mot Nest Sotra; så kraftig at nummer 10, Inge André Rabben, pådrog seg eit gult kort og straffespark. Simen Ness fyrte av, men John André Njåstad plukka den fint, til hysterisk jubel frå 200 meddommarar, og 20 medtrenarar. Den same Simen Ness, truleg i frustrasjon, fekk sitt eige gule kort knappe to minutt etter.

15 minutt inn i kampen sikra Frode Storebø 1-0 mot Nest Sotra, og Austevoll dominerte omgangen så langt. Adrian Hovland hadde ein hårfin stang ut, før Tord Harald Skår ordna med andre mål i kampen etter 66 spelte minutt. Ikkje lenge etteråt vart han proklamert AIK sin beste spelar for dagen, men sigeren var langt frå sikra. Intensiteten og presset avtok merkbart, og brått vart Nest Sotra mykje farlegare enn tidlegare i kampen. Ballen var altfor lenge på feil side, og det kom fleire bylger med grønkledte spelarar mot John André på kort tid. 2-1 vart eit faktum i 26. minutt ved Stein Erik Strømsnes. Framleis vedvarte låggiret til AIK, medan Sotra heldt på med sine framrykk. Etter to minutt på overtid sikra Erik Indredavik Nest Sotra ekstraomgangar.

Sjå fyrste målet her.

Sure bein, og mykje springing etter slappe passingar var temaet for båe ekstraomgangane, likevel med eit par fine framstøt frå Austevoll. Staffekonken kom etter to mållause ekstraomgangar, og Ørjan Bruntveit Haugland gav publikum trua attende med mål på fyrste forsøk, etter Njåstad hadde stogga Nest Sotra sin ball. Nick Rios Haugen på Nest Sotra satte ballen i nettet på andre runde, medan AIK brende sin. Øystein Arnes Storebø frå AIK, og Ruben Hetlevik satte kvar sin på tredje runda, før Tor Mattis Kåven fekk Nest Sotra opp på fem-talet i målrekninga. Dessverre tok Stian Steffensen ballen frå uavgjort mellom AIK og Nest Sotra i siste straffeomgang, og me kan berre vona at dei i alle fall miste ferja si på sigersferda heim att.

Mål:

1-0 Frode Storebø, 50. min

2-0 Tord Harald Skår, 66. min

2-1 Stein Erik Strømsnes, 71. min

2-2 Erik Indredavik, 92. min

 AIKs lag (4-4-1-1)

John André Njåstad 5, Edvard Johannes Hevrøy 4 (Henrik Melingen 3), Øystein Aarnes Storebø 3, Aleksander Dale 4, Håvard Vassnes 5, Frode Storebø 7, Inge André Rabben 4, Adrian Michal Hovland 3 (Stian Dalseide 3), Kristoffer Østervold 3, Tord Harald Skår 5, Trond Heggestad 5 (Ørjan Bruntveit Haugland 4)

AIK trengde Heggestad for å halda presset oppe.