mai 102012
 

Plan- og byggeutvalet vegra seg for å leggja føringar for kva eit naust er. Men du kan ikkje overnatta der. Å sovna i naustet er derimot ikkje forbode.

Skilnaden på rorbu og naust har vore oppe til politisk handsaming. Noko klar definisjon på skilnadane, hadde politikarane ikkje lyst å koma med på møtet sitt i plan- og byggesaksutvalet. Det sentrale punktet er at du ikkje skal overnatta i naustet ditt.

– Men sovnar du i naustet ditt, er det ikkje straffbart, smilte eit par av representantane under debatten, der det elles vart understreka at Austevoll kommune må vektleggja likehandsaming av rapporterte brot på byggeløyve.

 Ikkje standardtak på naust

Administrasjonen sitt ynskje var i utgangspunktet å få eit klarare regelverk for kva som skil naust og rorbu, mellom anna med tanke på rominndeling.

– Me vil ikkje laga eit detaljregime, men opna for tolking frå sak til sak. Administrasjonen får tolka dette frå søknad til søknad, så kan utval for plan og byggesaker ta seg av klagene,  sa ordførar Helge André Njåstad til resten av plan- og byggesakutvalet.

Det var ei mengde saker knytt til ulovleg bruk av naust til fritidsbustad ved sjøen på bordet i møtet. Ei sak var knytt til ei naustrekkje i Austre Storebøvåg og nærare eit sneis knytt til naust i Gilsvågen.
Ingen av politikarane i utvalet, som er identisk med formannskapet, hadde innvendingar til fri rominndeling, isolering, kjøkeninnreiing, fliser og varmekablar i det som skal definerast som naust.

– Alle som får løyve til å byggja naust, vil få understreka at det ikkje er lovleg å overnatta i dei, konstaterte rådmannen, som òg kunne rapportera at den ulovlege naustbruken i Gilsvågen har teke slutt.

 

Alle i same mølla

Trass i vegringa for å definera naust kontra rorbu, var det semje mellom politikarane at alle brot på byggeløyve må handsamast i tråd med den lokale saksgangen i slike saker. Det vert gitt høve til å retta opp bygg slik at det vert i tråd men løyvet, og at bruken og vert deretter. Eventuell tvangsfullbyrding og førelegg for brota på byggeløyva kjem opp til seinare politisk vurdering.