mai 112012
 

Politibil på plass i 08-tida i morges.

Det vart i morgon meldt frå om tjuveri av tobakk og sigarettar frå Bunnpris ved Bekkjarvik.

Politibetjent Jostein Bjånesøy seier til Marsteinen at det i tilleg til tobakk og sigarettar til ein verdi av om lag 80 000, og er teken kontantar frå butikken. Dette skal dreia seg om ca. 7 000 kroner. Det var ikkje installert alarm i butikken.

– Dersom nokon har sett personar eller kjøretøy i området nattestid, vil me særs gjerne høyra om det, konstaterer Bjånesøy.